TIL MINNE - Klokkarsteinen's Nando, 09.07.1996 - 02.04.2005

 
Min trufaste venn og arbeidspartnar er borte. Helsa hemma han slik på slutten,
at det ikkje vart eit verdig liv for ein tidlegare redningshund. Det var ingen veg utanom, sjølv om det var ei tung avgjerd som var vanskeleg å ta.
Det er jo bakdelen ved det å ha hund....
Nando var ein alle tiders hund for meg som hadde ambisjonar om å bli hundeførar
i Norske Redningshundar. Han sat inne med mykje guts og drive, og eg fikk mykje ”gratis” på treningane med han. Men han var absolutt ein bestemt herremann,
og det mangla ikkje på konfrontasjonar mellom oss. Nando var veldig lærenem,
og han elska å jobbe både fysisk og psykisk. Eg sit att med så uendelig mange gode minner om ting vi opplevde i lag, utømmelige mengder med tankar og erindringar dukkar opp heile tida; for ein hærlig kamerat og ”arbeidskollega”!
 
På Leirvassbu i april 2000 nådde vi målet vårt: Etter fleire år med trening,
blei Nando Godkjent Redningshund kl. A vinter, altså Godkjent Lavinehund!
Den veka vi hadde der oppe på fjellet vil alltid bli hugsa av meg.
Då var eg utrulig stolt av deg, Nandogutten min! Trur vi gjorde mange spådommar
og utsagn til skamme….Og DET var ein hærlig følelse.
 
I 2002 Re-godkjente vi, og plutseleg var vi blant dei erfarne ekvipasjane, eg og du!
Ei god kjensle å lukkast, når det heile tida hadde vore målet for oss.
Eg må vel erkjenne at eg neppe hadde bestått utmarsjen på 2 mil med
full opp-pakning på ryggen for overnatting, dersom du ikkje hadde vore så lystig og glad i å trekke meg på ski! Eg kunne ikkje sette meg ned i løpet av turen, for då kom eg meg ikkje opp att. Sekken var så tung!! Måtte ha hjelp for å få den på…
 
Merittlista til Nando var lang: Eg har nemnt at han var Godkjent Redningshund.
I tillegg var han Godkjent Ettersøksund, Godkjent kl. B. sommar og hadde opprykk
til kl. B. i bruks. På utstilling blei det beste resultatet 2 BHK og utallige CK.
Han var karaktertesta, brukshundkåra og avlskåra i kl.1. Nando blei tildelt
Hovedstyrets Ærespris i bruks i avdelinga vår i 1998, 1999 og 2001.
I 2001 tok han dessutan ”storeslem” i  avdeling Sogn og Fjordane: Nando blei
”Årets mest allsidige hund”, ”Årets brukshund”, ”Årets beste utstillingshund på
eiga utstilling” og ”Årets mestvinnande utstillingshund”!!
 
Nando blei ikkje berre sett stor pris på av meg, men også av oppdrettarar som valgte
å bruke han i avl. I følge NKK er det registrert 101 kvalpar etter Nando, og det betyr
at han er den desidert mest nytta avlshannen gjennom tidene i avdelinga vår,
og det vert nok lenge til det kjem ein som kan skilte med like mange avkom her
i avd Sogn og Fjordane! Avkomma hans har oppnådd veldig gode resultat,
både innan utstilling og bruks. Fleire av desse er sjølv i avl, både hannar og tisper,
så Nando er å sjå på plenty av stamtavler som bestefar!
 
No er altså Nando borte, og det kjennast utrulig tomt utan han her heime.
Eg ventar ofte på både lystige bjeff og grove knurr, men det forblir stille..  
Kven hadde vel tenkt at du ville ha med deg sjølvaste Paven ved di side inn gjennom perleporten, godguten min? Eg ser dykk føre meg, vandrande side om side…..
Takk for alt du var for meg, alt vi hadde saman, og alle gode minner, ”Bolli”.
 
Randi